
Description
Vikariat i veterinærvakt i tredelt vaktordning for Luster og Sogndal
Luster kommune søkjer etter veterinær som vil ta del i tredelt vaktordning for Luster og Sogndal frå snarast og t.o.m. 30.06.23. Det kan bli moglegheit for forlenging.
Luster kommune er vertskommune for vaktsamarbeidet. Luster kommune har 5 300 innbyggarar og ligg der Europas lengste fjord, Sognefjorden, møter dei tre nasjonalparkane Jostedalsbreen, Breheimen og Jotunheimen. Luster kommune er ein av dei største kommunane i Sør- Noreg, med sine 2700 km2. Sogndal kommune har 12 200 innbyggjarar.
Det er eit aktivt landbruk i begge kommunar med både storfe-, sau- og geitehald. I tillegg er det også stallar med ein del hestar. Sogn har ein flott natur, med moglegheit for allsidige aktivitetar og friluftsliv heile året. I vikariatperioden er det særleg vekt på sauelamminga, der det vert noko ekstra arbeid knytt til denne.
Luster kommune gjev tilskot til veterinær som søkjer, i tråd med Landbruksdirektoratet sine tilskotssatsar. Veterinæren må elles drive eigen praksis. I tillegg er det lagt til rette med eit lokale i Gaupne som kan nyttast til klinikkarbeid og kontor for veterinærane i ordninga. Dette gjev noko moglegheit til ekstra aktivitet.
I dokumentlista til denne artikkelen ligg følgjande dokument, som til saman utgjer rammene for oppdraget, med den dokumentasjon som vert krevd.
Oppdragsgjevar sin kontaktperson for denne anskaffinga er stabsleiar Ole Gunnar Krakhellen. Han kan nåast på ole.gunnar.krakhellen@luster.kommune.no