
Description
Veterinær – fast stilling eller sjølvstendig næringsdrivande
Veterinærkontoret AS i Ulsteinvik og Ulstein kommune søker i lag etter 1-2 nye veterinærar. Du vil jobbe i kombinert praksis med mykje smådyr eller berre med smådyr og vakt etter nærare avtale.
Veterinærkontoret er ein smådyrklinikk som er romsleg og velutstyrt med røntgen, tannrøntgen, ultralyd, lab, operasjonsrom, gassanestesi. Det er høg aktivitet og mogelegheit for å auke og utvikle tilbodet etter interesse. I fellesskapet på klinikken er det elles ein dyrepleiar, ein sjukepleiar og fleire assistentar. Stordyrpraksisen dreier seg om storfe og sau , litt hest og gris og nokre eggprodusentar (helseavtale).
I dag er det to veterinærar på klinikken, og vi har nok dyr til opptil 4 veterinærar.
Veterinærane inngår i dag i vaktordninga i vaktdistriktet. Vaktdistriktet består av kommunane Ulstein, Hareid, Herøy og Sande. Det er relativt korte avstandar med noko øypraksis i Sande. Som veterinær her vil du kunne delta i firedelt vakt. Det er Herøy kommune som administrerer veterinærvaktordninga. Du vil ha tilgang på utstyrt vaktbil.
Vakttilskotet i 2022 er på 870.000 kroner. I tillegg søker Ulstein kommune stimuleringstilskot til ordninga. Dei siste to åra har den vore på 300.000 kroner årleg. I tillegg til stimuleringstilskot gir kommunane i vaktdistriktet eit totalt tilskot på kroner 500.000 kroner. Midlane verte fordelt etter vaktbelastning og tal på veterinærar i vaktordninga.
Ulsteinvik ligg på vakre Sunnmøre, ein liten time utanfor Ålesund. Området kan by på gode moglegheiter for ulike friluftsaktivitetar, frå hav til fjell. To flyplassar ligg i nærleiken. Ulsteinvik er ein triveleg liten by med eit godt tilbod av det meste (sjå https://vimeo.com/291984742).
Ønska kvalifikasjonar:
- Norsk autorisasjon
- Inseminasjonskurs
- Litt erfaring innan smådyr- og stordyrspraksis er ein fordel, men ikkje eit krav
- Om søkjar ønskjer å fokusere på smådyr og vil vere med på å utvikle tilbodet innan smådyrkirurgi og/eller tannbehandling, er dette interessant
- Krav om førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner, positiv og pålitelig
- Arbeidslyst
- Evne til å arbeide sjølvstendig
- Allsidig og fleksibel
- Gode kommunikasjonsevner
Vi tilbyr:
- Fast stilling eller sjølvstendig næringsdrivande
- Eit godt kollegialt fellesskap med god støtte
- Variert arbeid i eit flott distrikt
- Opplæring etter behov
- Vaktbil med utstyr (gjennom Ulstein kommune)
- Fleksibilitet mtp arbeidsturnus
- Kommunalt driftstilskot
- Distriktet kvalifiserer til stimuleringstilskot
- Kan vere behjelpelege med bustad
Søknad: Sendast per mail, vurderast fortløpande
Epost for innsending av søknad: henriette.wiik.larsen@gmail.com
Namn kontaktperson:
Praktisk gjennomføring og klinikk: Veterinærkontoret AS v/Henriette W. Larsen, tlf 913 20 593
Veterinærvaktavtalen: Herøy kommune v/ Anne Kathrine Løberg tlf: 900 34 380